Nordmann forlengjer med dansk handballklubb

Handballspelaren Erik Toft frå Elverum held fram i danske Mors-Thy fram til sommaren 2020.
sport

Toft melde overgang frå barndomsklubben Elverum sommaren 2017. No ser han fram til nye år i Danmark.

– Personleg håper eg å bli endå dyktigare og ein meir stabil spelar. Som lag forventar eg at vi tar steg slik at vi er med i kampen om sluttspelplassen, seier Toft i ei pressemelding.

26-åringen har scora 276 mål på 57 seriekampar for jyllandsklubben, som enda på 10.-plass i grunnspelet førre sesong.

(©NPK)