Strive og TV 2 samarbeider om La Liga og Serie A

I samarbeid med Strive skal TV 2 sende fire kampar frå La Liga og Serie A kvar serierunde dei kommande to sesongane.
sport

Strøymetenesta Strive Sport, som sender La Liga, Serie A og MLS i Noreg, har inngått ein samarbeidsavtale med TV 2. Avtalen inneber at opp til fire kampar i kvar runde vil bli vist på TV 2s plattformer.

Alle kampar vil i tillegg bli vist som vanleg på Strive.

La Liga, som starta opp i helga som var, er meir interessant enn på lenge sett med norske auge. Martin Ødegaard spelte heile kampen for Real Sociedad i 1-1-kampen borte mot Valencia i helga. Ødegaard møter Mallorca borte neste helg.

I tillegg blir mellom anna spelt Real Madrid – Valladolid og Barcelona – Real Betis.

Serie A blir i gang sparka til helga med mellom anna Parma – Juventus og Roma – Genoa.

(©NPK)