Beckham vil ha Messi til MLS

David Beckham skal ha reagert lynkjapt på nyheita om at Lionel Messi kan forlate Barcelona gratis etter sesongen. Engelskmannen ønsker argentinaren til MLS.
sport

Beckham la opp som fotballspelar i 2013, men 44-åringen er framleis aktiv i fotballen, og er mellom anna president i nystarta Inter Miami CF, som blir del av MLS i 2020.

Han har store drøymar om den nye klubben sin, og no har han retta blikket mot Barcelonas Lionel Messi. Det skjer etter at Barcelona-president Josep Maria Bartomeu på Barcelonas eigen TV-kanal fredag røpte at den desiderte største stjerna til klubben kan forlate klubben gratis dersom spelaren ønsker det etter sesongen.

Ifølgje radioverten Xavi Campos i Barcelona Radio skal Beckham ha fått med seg nyheita, skriv den britiske avisa Daily Mail. Dei skriv at den tidlegare Manchester United-spelaren allereie har tatt kontakt for å høyre om Messi kunne tenke seg å byte ut La Liga med Major League Soccer i USA.

Beckham har tidlegare uttalt at både Messi og Cristiano Ronaldo er spelarar han kunne tenke seg til klubben.

– Alle har ei ønskeliste, sa Beckham då.

– Men viss du ser på måten dei speler på, sjølv om det er mot slutten av karrierane deira, trur eg ikkje dei nærmar seg slutten. Dei speler på eit så høgt nivå at det er vanskeleg å tru at dei vil forlate klubbane dei no er i. Men vi får sjå. Ein veit aldri kva som skjer i fotball, sa United-legenda vidare.

Barcelona-presidenten fortalde i intervjuet på fredag at han ikkje er bekymra for at Messi skal forlate klubben, og at fleire av spelarane til klubben har hatt same klausul i kontraktane sine.

Dette er spelarar som har gjort seg fortent til fridommen til å velje, og eg trur ikkje vi skal bekymre oss. Vi ønsker sjølvsagt at Messi skal spele for Barcelona til 2021 og helst endå lenger. Vi er veldig rolege, sa Bartomeu.

(©NPK)