Bjørndalen og Domratsjeva skal hjelpe dei kinesiske skiskyttarane til OL-suksess

Ole Einar Bjørndalen og kona Darja Domratsjeva er tilsett som landslagstrenarar for skiskyttarane i Kina.
sport

Dei to tidlegare skiskyttartoppane skal trene det kinesiske skiskyttarlaget fram mot OL i Beijing i 2022.

– Vi er glade å kunne informere om at vi har starta samarbeidet med Kinas skiskyttarlandslag. Det er eit ungt lag med høge ambisjonar og eit stort utviklingspotensial. Vi vil no starte med den daglege treningsprosessen og dele erfaringa vår med laget, seier Ole Einar Bjørndalen i ei pressemelding.

Bjørndalen skal vere hovudtrenar med ansvar for både kvinne- og herrelaget, medan Domratsjeva vil vere dedikert til dei kinesiske skiskyttarkvinnene.

Dele erfaringar

– Vi er toppmotiverte og skal gi dei beste råda våre til utøvarane, lagleiarane og alle som skal jobbe saman med oss på vegen mot å oppnå gode resultat. Målet er å bygge eit solid profesjonelt lag for å støtte og hjelpe kvar enkelt utøvar til å nå potensialet sitt, seier Domratsjeva.

Dei to trenarane har allereie starta vegen til Beijing 2022 saman med elevane sine, andre trenarar og støtteapparat. Bjørndalen og Domratsjeva har fleire gonger vore i Kina, og den siste tida har laget hatt samling i Noreg.

Ole Einar Bjørndalen avslutta ein innhaldsrike karriere i fjor. Han har sidan vore skiskyttarekspert i TV 2. Under OL i Pyeongchang var han mellom anna trenar for kona som deltok for Kviterussland.

Gullgrossistar

Bjørndalen er den mest meritterte skiskyttaren i historia med 58 medaljar frå OL og VM. 28 av desse er gull. Han vann 95 verdscupsigrar i karrieren. Eitt av dei kom i langrenn.

Darja Domratsjeva tok fire OL-gull og to VM-gull i karrieren. Under vinterleikane i Sør-Korea i 2018 vart det gull på stafetten og sølv på fellesstarten.

1. oktober 2016 vart Bjørndalen og Domratsjeva foreldre til dottera Xenia.

(©NPK)