Det er i Barca eg høyrer heime, seier Messi

Overgangsrykta rundt Lionel Messi når kontrakten hans med Barcelona går ut, har skote fart. I eit intervju med magasinet Sport avkreftar han ein snarleg exit.
sport

– Barca er heimen min og eg vil ikkje dra, men eg vil vinne. Eg hadde gledd meg stort å sjå Neymar tilbake, seier Messi mellom anna i intervjuet med spanske Sport.

Onsdag gjekk den ferske Inter Miami CF-eigaren David Beckham ut og sa at han ønskte Messi i MLS når argentinaren kan forlate Barcelona gratis etter sesongen.

Messi har gått skadd og er enno ikkje klar for spel når Barcelona tar imot Valencia seint laurdag.

– Eg veit ikkje om Barcelona har gjort alt dei kunne for å sikre seg han, men PSG er ikkje lette å forhandle med. Neymar kunne gitt oss ein ny boost, seier Messi.

Ha meiner likevel at Barcelona har eit særs slagkraftig lag òg denne sesongen og at ein kan vinne alt òg utan Neymar. Mellom anna gjekk franske Antoine Griezmann frå Atlético Madrid i sommar.

Barcelona er regjerande spanske meistrar og speler dessutan i meisterligaen der Inter, Borussia Dortmund og Sparta Praha er motstandarar i gruppespelet.

(©NPK)