Golfkollegaene valde McIlroy til årets spelar

Den nord-irske golfspelaren Rory McIlroy kan for tredje gong smykke seg med tittelen årets spelar på PGA-touren.
sport

Prisen blir delt ut etter avstemming blant dei profesjonelle golfspelarane. Dei fleste hadde den 30 år gamle nordiren som sin favoritt.

For 14 dagar sidan gjekk McIlroy til topps i sesongfinalen i Atlanta, og han kan no krone ein flott sesong med endå meir heider.

– Eg kunne ikkje vore meir stolt over kva eg har oppnådd denne sesongen. Det beste komplementet ein kan få, er når kollegaene dine meiner du har gjort noko stort. Eg er svært audmjuk og æra over at dei andre spelarane har gitt meg denne prisen, sa McIlroy, ifølgje det franske nyheitsbyrået AFP.

Rory McIlroy vann i mars The Players Championship, tre månader seinare vann han Canadian Open før han avslutta PGA-sesongen med siger i finalen.

Amerikanarane Brooks Koepka, Matt Kuchar og Xander Schauffele følgde nærast i avstemminga.

McIlroy står med fire majortitlar og 17 PGA-sigrar i karrieren. Han vart òg kåra til årets spelar i 2012 og 2014.

(©NPK)