Skiskyttarane framleis ikkje samde om utøvaravtale

Ingen av dei norske skiskyttarane har førebels skrive under på den nye utøvaravtalen med skiskyttarforbundet, ifølgje NRK.
sport

Partane er usamde om korleis ein skal kunne marknadsføre private sponsorar.

Derfor er dei framleis ikkje samde med Norges Skiskyttarforbund om den nye avtalen, cirka éin månad før sesongstart.

Utøvarane ønsker klare retningslinjer for når dei kan promotere private sponsorar og når dei er underlagt forbundet og må marknadsføre sponsorane deira. Sentralt er mellom anna kva ein kan promotere i sosiale medium.

Kjemper for tydeleg skilje

– Vi prøver å kjempe for at vi skal ha eit tydeleg skilje, med nokre føringar for kva som er lov og kva som ikkje er lov, med tanke på å inngå private sponsoravtalar på til dømes klede, seier Erlend Bjøntegaard til NRK.

Statskanalen skriv at utøvarane fekk eit utkast til ein avtale i august. Han vart avslått, og sidan har dei vore i forhandlingar.

– Eg trur at det kan verke litt farleg for forbundet å gi slepp på det private, men vi er ikkje ute etter å krige til oss noko. Vi meiner berre at det skal vere bra for folk flest, at ein skal kunne å ha moglegheita til å ha føreseielegheit på økonomien, seier Johannes Thingnes Bø.

Vil legge til rette

I sommar tok det lang tid før langrennsløpar Johannes Høsflot Klæbo skreiv under på ny utøvaravtale av liknande årsaker.

– Vi ønsker at dei skal kunne leve av å vere toppidrettsutøvarar i Noreg, og det er ikkje like enkelt for alle. Dei beste har det godt, men det er veldig mange som treng høgare inntektsgrunnlag, og det ønsker vi å vere med på å skape, seier generalsekretær i Norges Skiskyttarforbund, Anne Rustberggard Varden, til NRK.

Ho ønsker ikkje å uttale seg konkret om kontrakten før den er signert.

(©NPK)