Stortalent skreiv under på ny United-kontrakt

18 år gamle Mason Greenwood har skrive under på ein ny kontrakt som bind han til Manchester United fram til sommaren 2023.
sport

Spisstalentet har imponert under leiing av Ole Gunnar Solskjær denne sesongen. Han var til tider strålande under treningskampane i sommar, og vart i tillegg matchvinnar då United vann 1–0 over Astana i første gruppespelkamp i Europaligaen i haust.

Han scora òg i ligacupen då United sleit seg vidare mot Rochdale. No kan United-supporterane glede seg over at Greenwood har forlengt med klubben. I avtalen er òg ein opsjon på å forlenge ytterlegare eitt år.

– Eg lærer heile tida frå manageren og dei andre trenarane. Eg veit dette er den perfekte klubben for å nå potensialet mitt, seier Greenwood til nettsidene til United.

Også Solskjær er glad for at avtalen er på plass.

– Vi er strålande fornøgde med utviklinga han har hatt. Han er ung, men har allereie stor fart og er smart. Han er ein naturleg avsluttar, seier nordmannen.

Solskjær og United møter Liverpool heime på Old Trafford søndag.

(©NPK)