Tarik i intens svensk gullkamp: – Det er heilt ope

Tre rundar før slutt er det berre tre poeng som skil dei fire øvste laga i Allsvenskan. Midt i gullkampen står den norske AIK-spelaren Tarik Elyounoussi.
sport

Elyounoussi har allereie ein serietittel med den svenske klubben sin AIK etter at førre sesong vart krona med gull i Allsvenskan. No er den norske 31-åringen midt i ein ny høgdramatisk gullkamp.

Tre rundar før slutt skil det berre tre poeng mellom dei fire øvste laga. Malmö og Djurgården tronar øvst med 59 poeng, Hammarby og AIK følgjer bak med 56.

– Det er fantastisk. For ein nøytral supporter er dette morosamt. Det er tre rundar igjen, og nokon av klubbane skal møte kvarandre før det er slutt. Det er heilt ope. Det gjer at interessa blir større, og det kjem fleire folk på tribunen. Eg gleder meg til sesongavslutninga, sa den norske spissen til NTB før den nyleg avslutta landslagspausen.

Gullkamp

Av dei andre gullkandidatane møter Tarik og AIK Malmö før rekneskapen skal gjerast opp 2. november. Malmö skal i tillegg òg møte Hammarby, medan Djurgården har det «eklaste» programmet igjen. Dei møter ingen av topp fire-laga, men møter Norrköping (5.-plass, 50 poeng) borte i siste kamp.

Den første av dei tre avgjerande kampane i gullkampen blir spelt søndag. Då speler AIK borte mot Falkenberg (15.-plass), medan Hammarby og Malmö barkar saman i Stockholm. Dagen etter tar Djurgården turen til IFK Göteborg.

Kan bli fleire år i Sverige

Elyounoussi, som er på utgåande kontrakt i den svenske klubben, fortel at han stortrivst både i den svenske hovudstaden, og at han ikkje kan sjå bort frå ei forlenging av kontrakten.

– Eg trivst godt, familien min gjer det same, så vi skal ikkje sjå bort frå at vi skriv ein langtidskontrakt og blir i Stockholm.

– Men samtidig må eg seie at det er greitt å høyre kva andre har å seie òg, seier den norske landslagsspissen.

(©NPK)