Eikrem klar til gullkamp mot Strømsgodset

Molde-kaptein Magnus Wolff Eikrem er tilbake etter skade og klar for heimekampen på søndag mot Strømsgodset, fortel NRK. Då kan seriegullet sikrast.
sport

Med siger til Molde kan laget sikre seg seriegullet for fjerde gong. Då kan ikkje Bodø/Glimt ta igjen forspranget på åtte poeng med to kampar igjen av sesongen.

– Det er heilt fantastisk å kunne avgjere det heime her søndag og med mykje folk på tribunen. Vi må sleppe oss laus og kose, seier Molde-kapteinen til NRK.

Bodø/Glimt møter Rosenborg borte i kampen sin søndag. Han startar kl. 20.00.

(©NPK)