NHL-veteran klar for norsk klubb

Eliteserieklubben Manglerud Star har sikra seg den amerikanske løparen David Booth (35) for resten av ishockeysesongen. Booth har spelt over 500 kampar i NHL.
sport

MS melder om nyervervinga på nettstaden sin måndag kveld. Klubben er svært fornøgd med å ha henta den rutinerte spelaren som sist spelte for Dinamo Minsk i russiskbaserte KHL.

«David er en rutinert spiller som vi tror vil hjelpe oss både fremover og bakover på isen. Med all sin erfaring håper vi han har mye å bidra med til hele spillergruppa, slik at vi sammen blir bedre og beveger oss oppover mot sluttspillplassen», skriv MS, som ligg nest sist i eliteserien etter 22 kampar.

Booth spelte mesteparten av NHL-karrieren for Florida Panthers, men var innom heile fem klubbar i den beste ishockeyligaen i verda. I 2012 spelte han fem sluttspelkampar for Vancouver Canucks, og han er i alt bokført med 535 NHL-kampar.

Han har òg spelt eit VM-sluttspel for USA.

Manglerud Star håper å få Booth speleklar til Oslo-derbyet på torsdag mot tabelljumbo Grüner.

(©NPK)