Sju spelarar ferdig i Strømsgodset

Seks spelarar som er på utgåande kontrakt får ikkje halde fram i Strømsgodset. I tillegg legg Mounir Hamoud opp.
sport

Spelarane det gjeld er Martin Rønning Ovenstad, Henning Hauger, Martin Hansen, Lars Sætra, Christopher Lindquist og Muhamed Keita. I tillegg avsluttar altså Hamoud fotballkarrieren. Også han var på utgåande kontrakt.

Strømsgodset berga plassen i Eliteserien med siger i dei to siste kampane sine, men mykje tyder på at det blir store endringar i Drammen-klubben i vinter. Spelarane vart takka av på Marienlyst onsdag.

– Vi er i ein situasjon der vi ikkje tilbyr desse gutane ny kontrakt, basert på økonomi og speletid. Det kan hende dette bildet endrar seg, men slik er vurderinga no, og derfor var det heilt på sin plass å takke dei av i samband med denne avslutningslunsjen. Dei har gjort ein god jobb for klubben, seier sportssjef Jostein Flo til nettsidene til klubben.

(©NPK)