Tre nordmenn til semifinale i Laax Open

Fleire nordmenn hevda seg blant dei beste i kvalifiseringa på tysdag til verdscuprennet i snowboard halfpipe i Laax. Tre av seks norske er semifinaleklare.
sport

Mons Røisland vart nummer to i kvalifiseringsheatet sitt med 78,46, som var dagens nest høgaste poengsum. Berre svenske Sven Thorgren (80,80) var betre.

I det første kvalifiseringsheatet vart Fridtjof Tischendorf nummer tre med 72,20 og Ståle Sandbech nummer fire med 72,01. Det heatet vart vunne av amerikanske Dusty Henricksen med 76,50. Sebastian Toutant frå Canada (73,26) var sjettemann i kvalifiseringa med poengsum på minst 72.

Til saman er 24 utøvarar klare for semifinalane på torsdag.

Stian Kleivdal (28.-plass), Bendik Gjerdalen (37.-plass) og Sindre Tveiten (52.-plass) greidde ikkje å ta seg vidare. Det er finalar laurdag i prestisjetunge Laax Open.

Reira Iwabuchi frå Japan var best i kvalifiseringa til kvinnene, der dei 12 beste tok seg til semifinale. Det var ingen norske deltakarar i kvinneklassen.

(©NPK)