Hegerberg fekk pris av eigne supporterar

Ada Hegerberg er tildelt prisen som årets spelar på kvinnesida i Lyon. Supporterane til den franske storklubben står bak kåringa.
sport

Den norske fotballprofilen fekk prisen onsdag etter å ha vorte stemd fram som vinnar. 24-åringen fekk 263 stemmer.

Nærast henne følgde den franske forsvarsprofilen Wendie Renard med 243 stemmer. Tyske Dzsenifer Marozsán vart nummer tre, ifølgje nettstaden olympique-et-lyonnais.com.

– Takk til alle som stemte på meg, eg kjenner meg æra, sa Hegerberg etter å ha fått prisen.

Måltjuven scora 33 mål på like mange kampar i 2019 og bidrog sterkt til at Lyon igjen vann både den franske ligaen og meisterligaen.

Også denne sesongen har Lyon stå kurs mot seriegull. Etter 12 spelte kampar har Hegerberg og lagvenninnene fem poengs forsprang til Paris-Saint Germain.

Årets spelar på herresida i Lyon vart tidlegare Manchester United-spelar Memphis Depay. Nederlendaren er nett no ute med skade og mistar resten av inneverande sesong.

(©NPK)