Remisrekka heldt fram for Carlsen: – Handla om eitt horribelt trekk

Magnus Carlsen måtte nøye seg med remis òg i det femte partiet i Wijk aan Zee-turneringa i sjakk torsdag.
sport

Carlsen hadde kvite brikker mot russaren Daniil Dubov. Det skal normalt gi den norske verdsmeisteren eit fortrinn, men det var i staden Dubov som skaffa seg eit overtak undervegs.

Russaren kom best ut av opninga, og i det 21. trekket kom Carlsen éin bonde under. Då gav sjakkcomputerane Dubov 19 prosents sjanse for siger, medan Carlsens prosent for det same var berre tre.

Etter 30 trekk hadde Dubov skaffa seg eit endå litt større overtak. Då var verdsmeister Carlsen langt på veg utan sigerssjanse, noko som betydde at resten av partiet handla om å redde eit nytt halvpoeng.

Det klarte 29-åringen frå Lommedalen.

47 trekk

Etter 47 trekk tok spelarane kvarandre i handa og vart samde om remis. Etterpå vedgjekk Carlsen at han var i trøbbel.

– Sjakken har vore ganske frustrerande, summerte han til TV 2.

Motstandaren på torsdag Dubov har vore brukt av Carlsen som sekundant i VM-samanheng.

– Det er sjølvsagt ei utfordring at han veit mykje av det eg veit om opningar, og har meir innsikt i korleis eg spelar enn mange andre. Men eg synest ikkje det var eit problem i dag, sa Carlsen – og utdjupa:

– For meg handla det om eitt heilt horribelt trekk der eg spelte springaren til C4. I dette tilfellet fungerte det ikkje i det heile.

Etter remis-resultatet mot Dubov står den norske favoritten med 4,5 poeng etter fem parti i Wijk aan Zee-turneringa.

– Eg har ikkje hatt moglegheit til å spele for noko anna enn remis i noko parti så langt. Eg må berre ta meg saman og bite tennene saman, men eg må spele betre. Dette er ikkje haldbart, sa 29-åringen og minte om at turneringa er lang.

Caruana neste

Partia på torsdag vart spelte i Eindhoven på fotballarenaen der storklubben PSV speler heimekampane sine. Før partiet på fredag vender spelarane tilbake til Wijk aan Zee.

Magnus Carlsen sette verdsrekord med 111 langsjakkparti utan tap tysdag. Det skjedde i den fjerde remisen hans av fire moglege hittil i turneringa. Med remisen på torsdag har ikkje den norske verdsmeisteren tapt på 112 parti.

Torsdag var det 534 dagar sidan det førre nederlaget i langsjakk. Det skjedde mot Sjakhrijar Mamedjarov 31. juli 2018.

Det skal spelast i alt 13 rundar i Wijk aan Zee-turneringa.

Fredag ventar ein ny vrien oppgåve for Carlsen. Då møter verdsmeisteren Fabiano Caruana med kvite brikker. Caruana ligg nærast nordmannen på verdsrankinga.

(©NPK)