Forslått Sejersted kom frå stygt fall utan alvorlege skadar

Adrian Smiseth Sejersted kom frå det stygge fallet i kombinasjonsrennet på fredag i Wengen utan alvorlege skadar. Han slo hovudet og skuldra i fallet.
sport

Frå startnummer 37 køyrde Sejersted ut tidleg i Lauberhorn-løypa og fekk eit brutalt møte med tryggingsnettet. Den norske alpinprofilen vart liggande, noko som førte til eit langt opphald i rennet. Etter å ha fått behandling på staden i fleire minutt, vart Sejersted henta med helikopter og floge til sjukehus i Interlaken.

Han meiner sjølv at han var medvitslaus ein kort periode, men 25-åringen kom raskt til hektene.

– Adrian har det bra, men er forslått etter fallet. Han slo venstre skulder i møtet med tryggingsnettet, men føler sjølv at han berre er litt sår. Det er ingen symptom på andre skadar ut over at han kanskje har pådratt seg ei lettare hjerneristing, seier landslagslege Marc Jacob Strauss i ei pressemelding.

– Han blir på sjukehuset for observasjon til laurdag. Dette er vanleg rutine, seier legen, som meiner det er mogleg at Sejersted blir klar til Kitzbühel-rennene neste veke.

Forholda var svært krevjande i Wengen då Sejersted måtte over ende.

– Det var ein skikkeleg cowboyrunde i dag. Ein ser at det er nære på å gå riktig gale for fleire her, sa Alexander Aamodt Kilde til NRK.

Mayer best

I Lauberhorn-traseen klarte ikkje Kilde heilt å følgje opp den fine fartsforma han har vist den siste tida. I utfordelen var han slått med eitt sekund og 12 hundredelar av Matthias Mayer, som var suveren i utfor og vann kombinasjonen totalt.

Det gav Kilde eit vrient utgangspunkt før slalåmdelen. Kjetil Jansrud var endå lenger bak teten etter å ha køyrt ned til 13. beste tid i utforløypa i Wengen.

I slalåmdelen vart det ein kamp mellom Kilde og Jansrud om å bli beste nordmann. Den duellen gjekk Jansrud sigrande ut av med fire hundredelars margin. Lagkameratane enda til slutt på høvesvis 7.- og 8.-plass.

– Eg overraska på ein positiv måte. Mantraet mitt er at du ikkje kan gi opp før du har prøvd. Berre så kjedeleg med ein utfor under pari, når du ser på Mayer at eg hadde alle moglegheiter, sa Jansrud til TV 2.

To franske på pallen

Kampen om rennsigeren stod mellom utforvinnar Matthias Mayer og franske Alexis Pinturault. Mayer fekk spennande sekund i leiarstolen då franskmannen suste nedover løypa.

I mål kom Pinturault sju hundredelar for seint til å ta sigeren.

Trøysta for franskmannen er at han tok over leiinga i verdscupen samanlagt frå Henrik Kristoffersen med andreplassen på fredag. To poeng skil no i Pinturaults favør.

Franske Victor Muffat-Jeandet vart tredjemann i kombinasjonsrennet i Wengen fredag.


(©NPK)