Solskjær fekk kritiske spørsmål om bruk av valdtektstiltalt spelar i Molde

Ole Gunnar Solskjær fekk på ein pressekonferanse fredag fleire kritiske spørsmål om bruken av valdtektstiltalte Babacar Sarr då han var Molde-manager.
sport

Det var spørsmål Solskjær tydeleg likte dårleg og ikkje ønskte å snakke om.

– Eg trur eg berre kan svare det eg allereie har gjort gjennom klubben. Saka går gjennom det norske rettssystemet, og ein må respektere den rettslege gongen der, svarte Solskjær ifølgje VG.

Avisa Telegraph skreiv fredag om saka. Ei av kvinnene som har meldt Sarr for valdtekt uttaler til avisa at ho meiner Solskjær ikkje er eigna til å leie Manchester United på grunn av måten saka vart handtert i Molde.

Det var denne fråsegna Solskjær vart konfrontert med, og han vart òg spurd om han angrar på noko han gjorde i perioden då han lét Sarr spele for Molde medan spelaren var tiltalt for valdtekt.

– Eg svarte nettopp på spørsmålet. Eg forstår kor vanskeleg situasjonen er. Du vil ikkje at nokon skal vere i ein sånn situasjon, og alle partar involverte i saka har ei tøff tid, men det er svaret mitt, sa Solskjær ifølgje VG då han vart pressa på sitt første svar.

Britiske advokatar uttaler seg i Telegraph-saka òg kritisk om at Solskjær nytta ein valdtektstiltalt spelar i kamp.

Svaret Solskjær sa at han hadde gitt gjennom klubben var ei fråsegn til Telegraph, som hadde stilt klubben ni spørsmål i høve saka. Svaret var: «Som daverande manager for Molde respekterte Ole Gunnar Solskjær fullt ut prosessen i det norske rettssystemet, som framleis pågår».

Valdtektssaka mot Sarr enda med frirettsavgjerd i Romsdal tingrett, men spelaren vart likevel dømd til å betale erstatning til kvinna fordi retten meinte det var meir sannsynleg at han hadde gjort seg skuldig i valdtekt enn at han ikkje hadde gjort det.

Påtalemakta anka frifinninga, men ankesaka er utsett tre gonger fordi Sarr er i utlandet og ikkje har møtt i retten. Nyleg vart det kjent at det er tatt ut ein ny valdtektstiltale mot han.

Dei påstått valdtektene stammar frå 2017 og 2018. Spelaren er internasjonalt etterlyst med krav om pågriping, men norske styresmakter har ikkje lykkast med å få han utlevert.

(©NPK)