Federer operert, mistar Roland-Garros

Roger Federer går glipp av fleire turneringar, mellom anna Roland-Garros i sommar, etter at han onsdag gjennomførte ein kneoperasjon.
sport

Sveitsaren sleit med tydelege smerter i kneet under Australian Open i januar og har no lagt seg under kniven.

På Facebook opplyser Federer at han lét seg operere i Sveits onsdag, og at han dermed går glipp av fleire turneringar, mellom anna Roland-Garros.

Turneringa i Frankrike blir spelt frå 24. juni til 7. juni.

– Eg mistar Dubai, India Wells, Bogota, Miami og French Open (Roland-Garros), skriv Federer.

(©NPK)