Golf: Skarpnord og Lund på par i Australia

Marianne Skarpnord og Karoline Lund gjekk begge på par første dag av europatourturneringa i Bonville, Australia. Det er eit stykke ned på resultatlista.
sport

Både Skarpnord og Lund starta frå det tiande holet. Skarpnord starta bra med fem birdiar på sine åtte første hol. Ho rauk derimot på ein sjeldan trippelbogey på sitt niande og banens 18.-hol.

På dei neste ni hola fekk ho ein birdie og tre bogeyar (eitt slag over par) og enda opp på par på den noko ujamne runden.

Lund var litt med jamn og hadde tre birdiar og to bogeyar på sine ni første hol. På hennar ni siste hol hadde ho ein bogey og resten på par.

Dei to er inne blant dei 40 beste og ligg an til å klare cuten.

Maiken Bing Paulsen, 3 over par og Tonje Daffinrud, 4 over par, er ikkje blant dei 90 beste og får ein tøff andrerunde med å klare cuten.

Den siste norske kvinna i aksjon, Stine Resen, enda første runde sju over par på ein 142.-plass.

Amerikanske Lauren Stephenson leier med 6 slag under par.

(©NPK)