Guardiola lovar å bli i City trass i utestenging frå Europa

Manchester City-manager Pep Guardiola lovar å fullføre kontrakten sin sjølv om laget ikkje får spele Meisterliga.
sport

– Viss dei ikkje sparkar meg – noko som godt kan skje – er det 100 prosent sikkert at eg blir, sa Guardiola etter 2–0-sigeren over West Ham onsdag kveld.

Det europeiske fotballforbundet (Uefa) har utestengt City frå Meisterligaen i to år for brot på finansielle føresegner. Konkret skal det dreie som urett rapportering av sponsorinntekter mellom 2012 og 2016.

Manchester City har anka avgjerda inn for valdgiftsretten i idretten (CAS).

(©NPK)