Hovland gjekk opningsrunden fire slag under par

Viktor Hovland gjekk første runde i PGA-turneringa i Puerto Rico fire slag under par og henger med i tetsjiktet.
sport

Hovland var blant spelarane som starta opningsrunden sin på 10. hol. Han fekk den første birdien sin på 11. hol, men måtte tole bogey på 13. hol. Han slo tilbake med birdie på 14. og 17. hol og var to under par halvvegs.

På andre halvdel var Hovland i godt slag med birdie på 4. og 5. hol, men han fekk ein ny bogey på 7. hol. Han avslutta dagen med birdie på 9. hol og gjekk av banen etter ein 68-runde.

Dermed er han eitt slag bak spelarane som er i førebels leiing. Martin Laird og Jay McLuen gjorde kvar sin 67-runde, men store delar av deltakarfeltet var framleis ute på banen då Hovland var ferdig for dagen.

Kristoffer Ventura er òg med i PGA-turneringa i Rio Grande. Han starta runden sin over fire timar etter Hovland.

Turneringa i Puerto Rico har ikkje deltaking frå dei aller største namna, som i staden deltar i helgas WGC-turnering i Mexico by.

(©NPK)