Kinesar sprang 6250 rundar i eiga stove, lét seg ikkje stoppe av koronaviruset

Utbrotet av koronaviruset har fått treningssugne kinesarar til å ta uvanlege grep. Ein mann gjennomførte 50 kilometer i si eiga stove i ei «løype» på åtte meter.
sport

Det er avisa Ekstra Bladet som siterer South China Morning Post. Pan Shancu er ein av mange kinesarar som opplever forbod mot å gå ut på grunn av covid-19-viruset. Det fører til ekstreme grep.

– Eg har ikkje vore ute på mange dagar og orka ikkje å sitje stille lenger. Eg sprang rundt to bord, og runden var totalt på åtte meter. Eg sprang fem mil og brukte 4.48.44 timar. Eg sveittar, og det kjennest godt, seier Shancu etter 6250 rundar.

Ved hjelp av videoopptak og ein løpeapp dokumenterte han storverket overfor South China Morning Post.

Ei kinesisk kvinne hadde litt meir rom å boltre seg på. Ho la opp ei 20 meter lang løype som starta i kjøkenet, heldt fram til stova og var så innom barnerommet.

– Mannen min heia på meg, men han mistenkjer at eg har psykiske problem, seier ho.

(©NPK)