Koronaviruset: Noreg og Sverige avlyser OL-reiser til Kina

Både den norske og svenske olympiatoppen har avlyst reiser til Kina i samband med førebuingar til vinter-OL i 2022.
sport

– Vi har avlyst ein testtur for Ski 2022, som er eit prosjekt for langrenn, skiskyting og kombinert, opplyser vinteridrettssjef Helge Bartnes i Olympiatoppen til NTB.

Beijing arrangerer vinter-OL frå 4. til 20. februar 2022.

Frå før er verdscupløp i alpint avlyst på grunn av utbrotet av covid-19-viruset, og ifølgje Bartnes er neste planlagde tur i samband med vinterleikane i Kina sett til oktober i år.

Onsdag melde den svenske olympiske komiteen at også han har innstilt fleire reiser til Kina, ifølgje nyheitsbyrået TT.

Norske styresmakter rår no mot reiser til Kina som ikkje er strengt nødvendige.

Komande sommar blir sommar-OL arrangert i Japan, der det har vore tre dødsfall som følgje av virussmitte. Torsdag vart det kjent at eit testarrangement for Paralympics måtte endrast som følgje av covid-19-utbrotet. Berre japanske deltakarar vart inviterte til testøvinga i boccia, der det var meininga at også utøvarar frå andre land skulle delta.

Styresmaktene i Japan seier leikane vil gå som planlagt.

(©NPK)