Martin Johnsrud Sundby må bryte Ski Tour

Martin Johnsrud Sundby har fått kjenning med ryggplagene og må stå av Ski Tour.
sport

Det melder Noregs skiforbund i ei pressemelding etter etappen på torsdag i Meråker.

– Martin Johnsrud Sundby har undervegs i Ski Tour 2020 fått kjenning med den tidlegare ryggplaga si. Situasjonen utvikla seg gjennom konkurransen i Meråker i dag, og han må dessverre stå av touren, seier Øystein Andersen, som er medisinsk ansvarleg for langrennsløparane i skiforbundet.

(©NPK)