Trenaren kunne ikkje kopiert Ajers «utrulege mål»

Celtic-trenar Neil Lennon lovpriser Kristoffer Ajers matchvinnarmål mot Aberdeen. Han avviser at han sjølv kunne klart noko likande i eigen karriere.
sport

Ajer sprang over heile banen og vart matchvinnar for den skotske toppklubben i ligamøtet på søndag i skotsk fotball. 2–1-sigeren auka luka til serietoar Rangers og sende Celtic eit steg nærare ein ny ligatittel.

Skåringa som skilde laga, kom då James Forrest drog seg fint innover i banen og fann Ajer, som hadde sprunge seg fri i straffefeltet. Frå skrå vinkel hamra midtstopparen ballen i mål.

Den store snakkisen i ettertid var den lange løpeturen Ajer gjennomførte for å vere i posisjon til å avgjere kampen – og den iskalde avslutninga til nordmannen.

– Det er roa over målet til Kris som var så imponerande. Han hadde tid, og det kan nokon gonger vere ei ulempe. Men han tok ein god «touch», såg kvar målvakta var og avslutta sikkert, seier Celtic-sjefen Neil Lennon til nettsidene til klubben.

– Hadde eg vore stolt over å gjere noko sånt i tida mi som aktiv spelar? Ja! men eg hadde sannsynlegvis ikkje kome meg så langt opp på banen, legg han til.

Blir hylla for vinnarviljen

Ajer tilbakela noko nær lengda på heile banen for å skåre.

– Løpet hans var utruleg, og det same var viljen hans til å kome seg heilt opp dit. Han åt opp 60, kanskje 70 meter for å kome i posisjon, seier Lennon.

– Han har ein kraftig vinnarvilje, er fantastisk på den måten og har ein fantastisk sesong igjen, legg Celtic-trenaren til.

Aberdeen-trenar Derek McInnis samanlikna Ajer med ein galopperande hest då nordmannen suste forbi innbytarbenkene i jakta på den avgjerande skåringa.

Komande søndag er Kilmarnock motstandar i ligaen for Ajer og lagkameratane.

(©NPK)