Virus-utspel: London kan overta OL

London kan vere klar til å overta OL i sommar dersom virusfrykt gjer at Tokyo ikkje arrangerer leikane, seier den britiske politikaren Shaun Bailey.
sport

Uvissa rundt covid-19-viruset, som har kravd over 2100 liv i Kina, gjer at fleire spør seg om OL i sommar og Paralympics bør bli halde i Japan.

No lanserer den britiske konservative politikaren Shaun Bailey ei løysing: «London kan arrangere OL», skriv politikaren på Twitter.

Den britiske hovudstaden arrangerte OL for åtte år sidan, og står klar til å ta over dersom leikane må flyttast frå Tokyo, skriv Bailey som også er ein kandidat til å bli borgarmeister i byen.

«Vi har infrastruktur og erfaring. Og på grunn av virusutbrotet kan det hende at det trengst at vi tar over», skriv politikaren vidare.

Forholdsreglar

Fleire store idrettsarrangement har vorte avlyste, utsett eller flytta ut av Kina på grunn av virusutbrotet. Mellom anna gjeld dette friidretts-VM innandørs og Formel 1-løpet i Shanghai.

I Japan tar ein òg sine forholdsreglar. Torsdag vart det kjent at eit testarrangement for Paralympics måtte endrast som følgje av covid-19-utbrotet. Berre japanske deltakarar vart inviterte til testøvinga i boccia, der det var meininga at også utøvarar frå andre land skulle delta.

Nyleg vart det òg kjent at berre eliteklassen får springe Tokyo maraton 1. mars, og at 38.000 mosjonistar ikkje får delta. Alt for å minimere risikoen for spreiing av viruset.

Det er registrert over 30 koronasmitta i Japan, og ei 80 år gammal kvinne er død.

– Går som planlagt

Organisasjonskomiteen i Tokyo har ikkje kommentert utspelet frå Bailey, men ifølgje styresmaktene i Japan vil leikane gå som planlagt.

Utspelet til den britiske politikaren kjem dryge to månader før det skal veljast ny borgarmeister i London, der Bailey er kandidaten til det konservative partiet. På dei siste målingane ligg han som nummer to, bak sitjande borgarmeister Sadiq Khan.

(©NPK)