Brann permitterer 25 tilsette, spelarar og trenarar går ned i lønn

Brann permitterer 25 tilsette i administrasjon, drift og akademiet. Leiargruppa, spelarane og trenarteamet blir ikkje permittert, men går ned 20 prosent i lønn.
sport

Det melder bergensklubben torsdag på nettstaden sin.

– Dette er veldig krevjande, men nødvendig, seier dagleg leiar Vibeke Johannesen til brann.no.

Med full stopp i fotballaktivitet har inntektene stoppa opp, og trass tiltak for å redusere kostnader så ein ingen veg utanom permisjonar.

– Eg er svært takksam for forståinga og den offensive haldninga dei tilsette har i denne spesielle situasjonen. Vi har jobba oss gjennom nedrykk, opp- og nedturar før. Eg veit at alle vil gjere sitt ytste for at klubben kjem seg gjennom dette, seier Johannesen.

Spelarane og trenarteamet har til liks med leiargruppa gått med på lønnsreduksjon.

– Det er brei semje i spelargruppa om at dette var den beste løysinga for alle. Situasjonen vi er inne i påverkar alle, og alle ser det store bildet og skjønner at noko måtte gjerast, seier Håkon Opdal. Keeperen er i spelarutvalet saman med Kristoffer Barmen og Thomas Grøgaard.

(©NPK)