Federer og kona gir 11 millionar til sårbare sveitsarar

Tennisstjerna Roger Federer og kona Mirka gir ein million sveitserfranc (11,3 millionar kroner) for å hjelpe «dei mest sårbare» sveitsarane gjennom viruskrisa.
sport

– Dette er utfordrande tider for alle, og vi må ikkje la nokon bli etterlatne. Mirka og eg har bestemt oss for å donere ein million sveitserfranc til dei mest sårbare familiane i landet vårt, skriv Federer på Instagram.

38-åringen med 20 Grand Slam-titlar på merittlista håper at andre vil følgje opp.

– Bidraget vårt er berre starten. Vi oppmodar andre til å slutte seg til initiativet og støtte familiar som treng det. Saman kan vi komme gjennom krisa. Hald dykk friske!

Sveits er blant landa som er hardt ramma av koronaviruset, og sveitsiske styresmaktene stramma nyleg inn tiltaka for å hindre ytterlegare spreiing av smitten.

(©NPK)