Ber om auka aldersgrense i OL-fotballen etter utsetjinga

Det australske fotballforbundet ber Fifa og IOC heve aldersgrensa for å delta i fotballturneringa i Tokyo som følgje av at sommarleikane måtte utsetjast.
sport

Tysdag vedtok Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) og dei japanske OL-arrangørane at Tokyo-leikane blir flytta til neste år som følgje av viruspandemien.

Ingen nye datoar er på plass, og nye retningslinjer rundt kvalifiseringa i ei rekke idrettar må òg på plass.

Leiaren for den australske OL-komiteen, Matt Carroll, og fotballpresident James Johnson varslar no at det vil bli teke eit initiativ for å heve aldersgrensa for deltaking i fotballturneringa frå 23 til 24 år.

– Dette vil sørge for at spelarar som bidrog til at landet kvalifiserte seg for leikane, men som no står i fare for å miste turneringa på grunn av aldersavgrensingar, likevel kan oppfylle draumane sine om å bli olympiarar, seier Johnson.

Spelarar som var 23 år ved inngangen til 2020 var speleklare i OL-kvalifiseringa som er gjennomført. I sjølve leikane kan spelartroppane til kvart enkelt lag bestå av berre tre spelarar over 23 år.

(©NPK)