Jakta på Carlsens VM-rival i sjakk blir stansa

Kandidatturneringa i sjakk, der Magnus Carlsens kommande VM-motstandar skal utpeikast, blir stoppa som følgje av krisa rundt koronaviruset.
sport

Det opplyser Det internasjonale sjakkforbundet (FIDE) i ei fråsegn torsdag.

Bakgrunnen for avgjerda er at regjeringa i Russland har beordra luftfartsstyresmaktene til å setje alle rutefly og chartra fly til og frå landet på bakken frå og med fredag.

Alle internasjonale flygingar blir stansa som eit tiltak for å avgrense smitte av koronaviruset. Det får no òg konsekvensar for gjennomføringa av kandidatturneringa i Jekaterinburg.

Kan ikkje garantere heimreise

Det internasjonale sjakkforbundet skriv at det ikkje kan halde fram turneringa utan at det finst garantiar for at spelarar og leiarar kjem seg trygt heim.

Samtidig heiter det i fråsegna torsdag at kampen om å bli Magnus Carlsens VM-rival vil halde fram på eit seinare tidspunkt og at nye datoar vil komme i løpet av kort tid og så raskt den globale virussituasjonen tillèt det.

Forbundet opplyser òg at resultata frå dei sju rundane som så langt er gjennomførte er gjeldande. Når partia blir tekne opp att, startar ein dermed frå runde åtte.

Delt leiing

Franske Maxime Vachier-Lagrave og russiske Jan Nepomnjasjtsjij deler leiinga i kandidatturneringa. Begge har 4,5 poeng når dei åtte deltakarane har møtt kvarandre ein gong kvar. Dei er eitt poeng føre dei næraste rivalane.

Onsdag vann Vachier-Lagrave toppduellen mot Nepomnjasjtsjij i Jekaterinburg.

Vinnaren av kandidatturneringa møter Magnus Carlsen i VM-duell. Det internasjonale sjakkforbundet har tidlegare opplyst at kampen er utsett frå november til desember. Det har ikkje samanheng med virusutbrotet.

Kampen vil med stort sannsyn spelast i Dubai med start 20. desember.

(©NPK)