Norway Chess utsett til oktober

Sjakkturneringa Norway Chess i Stavanger blir flytta frå juni til oktober.
sport

Turneringa som skulle ha gått mellom 1.-13, er flytta til 3.–17. oktober. Turneringa vil sannsynlegvis føregå i sin heilskap på same stad.

– Norway Chess er eit internasjonalt arrangement med spelarar og stab som kjem tilreisande frå over ti ulike land. Uvissemomenta rundt oss no gjer det svært vanskeleg for oss som arrangør å få den framdrifta i planlegginga vi treng. Vidare er det høgst usikkert korleis tilværet vil vere i juni og kva konsekvensar det vil få for turneringa, heiter det i ei pressemelding.

Vidare fortel arrangøren at dei har vurdert ulike alternativ.

– Vi er svært fornøgde med å ha komme fram til ein ny dato for turneringa etter klareringar med FIDE (Verdens Sjakkforbund), spelarar, hotell, TV 2 og dei største samarbeidspartnarane våre.

Arrangøren håper at dei i same periode kan halde den opne turneringa si, skulesjakkturneringa og andre arrangement, med atterhald om moglege endringar i koronapandemien.

Magnus Carlsen vann turneringa i fjor. Norway Chess vart spelt med eit nytt poengsystem. Ein siger gav to poeng. Ved remis vart det gitt 0,5 poeng til begge spelarane, pluss eitt ekstrapoeng til den som vann i armageddonpartiet.

(©NPK)