Sponsor forlenger ikkje millionavtale med norsk langrenn

Langrennsmiljøet må på sponsorjakt etter at entreprenørselskapet Veidekke avsluttar samarbeidsavtalen sin før neste sesong.
sport

Kommunikasjonssjefen i selskapet Helge Dieset stadfestar avgjerda overfor NRK.

– Det er riktig at vi ikkje forlenger samarbeidsavtalen med skiforbundet som vi har hatt i mange, mange år. Det var ei avgjerd vi tok før jul og på slutten av 2019, seier Dieset til kanalen.

Han ønsker ikkje å seie noko om den økonomiske ramma avtalen med forbundet har hatt.

Samarbeidet som no blir avslutta, har samtidig bidrege til å finansiere satsinga rundt regionlaga i norsk langrenn og sprintlandslaget. Regionlaga har til og med bore namnet til entreprenørselskapet.

Langrennssjef Espen Bjervig innrømmer at forbundet no må jobbe med ei ny løysing for finansieringa av den viktige satsinga.

– Regionlaga har vore viktige, og vi jobbar no med ein modell for å sjå korleis det kan driftast vidare. Per no har vi inga klar løysing. Det er per dags dato ein utfordrande situasjon å finansiere dei laga, seier Bjervig.

(©NPK)