Tre nye Diamond League-stemne utsett, Bislett kan bli neste

Diamond League-leiinga har vedteke å utsetje dei planlagde mai-stemna i Stockholm, Napoli og Rabat som følgje av situasjonen rundt koronaviruset.
sport

Det kjem fram av ei pressemelding som vart sendt ut fredag.

Frå før er dei tre første stemna i sesongen, som skulle vore arrangert i Qatar og Kina, avlyste som følgje av det verdsomspennande virusutbrotet.

Diamond League-leiinga opplyser vidare at ei alternativ terminliste kjem til å bli offentleggjort når tida er inne for det.

Den utsette stemna i Stockholm skulle vore avvikla 24. mai, medan friidrettseliten etter planen skulle konkurrert i Napoli 28. mai og Rabat 31. mai.

Avgjerda om å utsetje dei tre nemnde arrangementa blir opplyst å vere teke i tett samarbeid med alle involverte partar. Sikkerheita og helsa til utøvarane i kombinasjon med dei omfattande reiserestriksjonane som er innførte over store delar av Europa gjer det umogleg å avvikle stemna som planlagt.

Årets utgåve av Bislett Games går torsdag 11. juni. Det heftar naturleg nok uvisse rundt om det tradisjonsrike stemnet må utsetjast.

(©NPK)