Uendra for Noreg på Fifa-rankinga for kvinner

Noregs kvinnelandslag i fotball beheld sin 12.-plass på Fifa-rankinga etter første kvartal. 3.-plassen i Algarve Cup gav inga endring.
sport

Det er berre små endringar på den første rankinga i år for kvinner. Den viktigaste er at Frankrike skyv Nederland ned frå 3.-plassen.

Noreg slo Danmark (16.-plass) og New Zealand (23.-plass) i Algarve Cup, men tapte klart for verdstoar Tyskland. Martin Sjögrens lag auka poengsummen frå 1929 til 1930.

Tyskland auka med heile 12 poeng, meir enn noko anna lag, sjølv om finalen mot Italia i Algarve Cup vart avlyst på grunn av koronaviruset. Likevel er ikkje laget i nærleiken av å true USA, som etter siger i SheBelieves Cup på heimebane har 2181 poeng og ei leiing på 91.

Sverige mista heile 15 poeng etter svake resultat i Algarve Cup, men beheld sin 5.-plass.

Noreg har sju poeng opp til Japan på plassen framfor og 15 ned til Spania på plassen bak.

Zambia klatrar mest. Laget avanserer seks trinn til 100.-plass etter å ha sikra OL-billett med ein sjokksiger over Kamerun.

Stillinga (førre plassering i parentes):

1) USA 2181 (1), 2) Tyskland 2090 (2), 3) Frankrike 2036 (4), 4) Nederland 2032 (3), 5) Sverige 2007 (59, 6) England 1999 (6), 7) Australia 1963 (7), 8) Brasil 1958 (9) og Canada 1958 (8), 10) Nord-Korea 1940 (11), 11) Japan 1937 (10), 12) Noreg 1930 (12), 13) Spania 1915 (13), 15) Italia 1889 (14), 15) Kina 1867 (15).


159 nasjonar har plassering. Neste kvinneranking blir offentleggjord 26. juni.

(©NPK)