Premier League-sjefen: «Så sikre som vi kan vere» på at sesongen held fram

Richard Masters, som er administrerande direktør i engelsk Premier League, føler seg trygg på at serien kjem i gang igjen i juni.
sport

– Vi har teke første steg. Det er flott for alle, inkluderte tilhengjarane, å registrere at spelarane er tilbake på treningsfeltet. Vi er så sikre som vi kan vere på at vi kjem i gang igjen med kampar i juni, seier han til BBC Sport.

Tidlegare har 12. juni vorte nemnd som den føretrekte datoen for oppstart av ligaen, men Masters vil ikkje vere så presis. Han snakkar om naudsynet av å vere fleksible og av å ha ulike planar klare. Han medgir òg at det framleis er ein fare for at sesongen kan bli avbrote for godt.

Premier League-laga har denne veka teke opp att gruppetrening, men framleis utan nærkontakt. Idrettsminister Oliver Dowden uttalte onsdag at klarsignal for trening med kontakt kan bli gitt gjennom veka.

– Vi tek ikkje neste steig før det er trygt. Vi ville ikkje ha teke det første steget og opna for gruppetrening dersom vi ikkje var overtydde om at vi har skapt eit trygt miljø for spelarane, seier Masters.

– Før vi tek neste steg og går til trening med duellar må vi vere sikre på at det er trygt.

(©NPK)