Testar i gang, treningsstart for meisterskapsserien måndag

English Football League (EFL) har oppdatert protokollen sin for opptrapping av trening, og klubbane i meisterskapsserien planlegg treningsstart måndag.
sport

Spelarar og støtteapparat skal testast for koronaviruset før det skjer, noko som i dei fleste klubbar er gjennomførte torsdag og fredag. Ligaen melder i ei fråsegn på nettstaden sin at han vil publisere talet på utførte testar og eventuelt talet på positive testar. Dette blir gjort når resultata er klare, truleg søndag.

Det er same prosedyre som blir følgd av Premier League, der klubbane allereie er i gang med gruppetrening.

Det er ikkje gjennomført testing for laga på nivå tre og fire i engelsk fotball, League One og League Two. Det betyr at dei ikkje kan starte med gruppetrening, men klubbane har tilgjenge til å stille treningsanlegga sine til rådvelde for dei individuelle treningsøktene til spelarane.

Klubbane i League Two har gått inn for å avbryte sesongen, medan det framleis er usemje mellom klubbane i League One om ein skal prøve å spele ferdig.

Ser mot 1. juli

I meisterskapsserien er det framleis eit uttalt mål å spele dei attståande seriekampane.

Oppstarten på måndag for gruppetrening blir utan kontakt, men med tilsvarande plan for gradvis opptrapping som i Premier League. 1. juli blir no nemnd som ein mogleg dato for dei første kampane.

– Vi er ikkje sikre på kor lenge det blir før vi kan ha trening med duellar igjen. Eg tippar at det kan bli to veker med trening i små grupper før vi kan gå vidare, og kanskje seks veker i alt før vi kan spele seriekampar igjen, seier Queens Park Rangers-manager Mark Warburton til BBC.

Ulike syn

– Deretter ser eg for meg at vi kjem til å bruke heile juli på å avvikle dei ni kampane som står igjen, og så kanskje to veker eller litt meir for å gjere unna opprykkssluttspelet.

Kostnadene forbunde med eit strengt testregime, omfattande smitteverntiltak og kampavvikling utan tilskodarar bidreg til at mange klubbar på nivå tre og fire ikkje ønskjer å fullføre serien. Klubbar som kan rykkje ned eller gå glipp av opprykk ved avbroten sesong er derimot ivrige tilhengjarar av å spele vidare.

EFL ønskjer å avvikle opprykkssluttspel i alle tre divisjonar uavhengig av om serien kan spelast ferdig. Om ein må avbryte serien, vil endeleg tabell bli rekna ut frå poeng delt på spelte kampar.

(©NPK)