1. divisjonsklubbane i gang med fullkontaktstrening – lette i LSK

Måndag var det igjen opning for at 1. divisjonsklubbane kunne drive trening med full kontakt. LSK-trenar Geir Bakke har venta lenge på den dagen.
sport

Litt før klokka 11.00 kunne endeleg Bakkes mannskap springe ut på Åråsen for å trene i kampsituasjonar igjen.

Lillestrøm var ein av få klubbar som ikkje valde å permittere spelarane sine under den første delen av koronakrisa. Laget har i realiteten vore klare ei stund for å ta opp att vanlege treningar med fullkontakt, men først frå måndag var det tillate.

Også klubbane i Toppserien for kvinner har fått grønt lys.

Seriestarten i førstedivisjon menn og Toppserien er planlagt første helga i juli.

Trass klarsignal trena ikkje LSK Kvinner måndag. Det har samanheng med at meisterlaget valde å sende spelarane sine på ferie frå 18. mai. Hege Riises mannskap er derfor ikkje tilbake før over pinse.

Også 1. divisjonsklubben HamKam, som etter planen skal møte Lillestrøm i første serierunde, har teke grep slik at Briskeby stadion kan brukast som treningsfelt for spelarane frå måndag.

Lillestrøm rykte ned frå Eliteserien i fjor haust etter å ha spelt i Noregs øvste serie samanhengande sidan 1975.


(©NPK)