Agentbyte for King – blir kopla til toppklubbar

Fotballstjerna Joshua King har bytt agent til Jim Solbakken.
sport

Det kjem fram i ei melding posta på Instagram-kontoen til agenten søndag.

«Fornøyd med å ha deg tilbake i selskapet», skriv Solbakken ved eit bilde av Bournemouth-proff King. Det var TV 2 som omtalte oppdateringa først.

Solbakken har òg tidlegare representert King, men dei to avslutta samarbeidet i 2017. No er etter alle solemerke ein ny avtale på plass.

Kjentgjeringa av agentbytet kjem samtidig med at Sky Sports koplar King til ei rekkje storklubber. Søndag skreiv den britiske TV-giganten at fire av dei seks klubbane som toppar Premier League-tabellen skal ha nordmannen på ønskelista si.

King har eitt år igjen av kontrakten med Bournemouth. Allereie i januar var han svært nær ein overgang til Manchester United, men forhandlingane mellom klubbane stranda.

28-åringen med ei fortid i Uniteds ungdomsavdeling står med 46 landskampar og 17 mål for Noreg.

(©NPK)