Britiske Backstedt ute med beinbrot etter krasj

Det britiske sykkeltalentet Elynor Backstedt (18) brakk beinet då ho var uheldig og krasjet under trening i Belgia i helga.
sport

Laget hennar Trek opplyste at ho har pådrege seg eit brot i det eine leggbeinet, og at ho vart operert måndag.

Backstedt vann bronse under temporittet til juniorane under VM på heimebane i fjor og blir rekna som eit stort talent.

Den lovande syklisten fekk berre sykla to ritt i Belgia før sykkelsesongen vart sett på vent som følgje av koronapandemien.

Det første verdscuprittet til kvinnene skal etter planen vere Strade Bianche 1. august. Sesongen skal avsluttast med eit tredagersritt i Madrid frå 6. til 8. november i samband med avslutninga av mennenes Vuelta a España.

(©NPK)