Britiske styresmakter godkjenner trening med kontakt

Styresmaktene i Storbritannia gir grønt lys for at eliteidrettsutøvarar tek opp att trening med nærkontakt, men det blir opp til den enkelte idretten når.
sport

Rådet frå styresmaktene er at ein i lagidrettar startar med grupper på to–tre utøvarar og trappar opp gradvis på vegen tilbake til full trening.

Storbritannia har den siste tida lempa på nedstenginga av samfunnet og har opna for at eliteidrett kan takast opp att utan publikum frå 1. juni. Det gjeld mellom anna fotball.

Opninga på måndag for trening med kontakt betyr at styresmaktene har gått over til fase 2 i planen for å ta opp att idrettsaktivitet. Det blir understreka at den enkelte idretten må vurdere om tilstrekkelege smitteverntiltak er på plass til at treninga kan gjennomførast på ein trygg måte.

I fotballen har ein ein streng smittevernprotokoll, og Premier League-klubbane har i samsvar med den drive gruppetrening ei veke allereie, med sosial distanse og utan duellspel.

Ligaen skal tysdag ha samtalar med klubbkapteinane og representantar for spelarforeininga (PFA) og managerforeininga (LMA) om vidare opptrapping.

Onsdag held Premier League-klubben deretter eit videomøte der det skal stemmast over om ein frå torsdag skal få trappe opp treninga til å omfatte duellspel.

Eit nytt møte torsdag skal ta opp vegen vidare i planlegginga av kampaktivitet. Då kan bruk av nøytrale banar igjen bli gjenstand for diskusjon.

(©NPK)