Forren brukte pengar frå Molde-spelaranes botkasse til å dekkje spelegjeld – kan bli sagt opp

Molde vurderer å seie opp kontrakten til den mangeårige forsvarsprofilen Vegard Forren (32). Måndag var partane i møte, melder fleire medium.
sport

Ifølgje TV 2 var møtet relatert til at Forren slit med spelavhengigheit. Han innrømmer sjølv overfor kanalen at han har eit gamblingproblem.

– Det har vore ei utfordring frå eg byrja å tene pengar. Det har vore ein sjukdom, som har vore vanskeleg å innrømme for seg sjølv, seier 32-åringen.

Overfor Romsdals Budstikke erkjenner Forren at han har forsynt seg av botkassa til MFK-spelarane for å dekkje spelegjeld, og at han ikkje har klart å betale tilbake alt.

Ifølgje lokalavisa er det årsaka til at Molde vurderer å seie opp midtstopparen.

– I botkassa samlar vi pengar gjennom året viss vi bryt interne reglar som alle spelarane er samde om. Dei to siste åra har eg vore botsjef og styrt kontoen. Vi har gitt noko til velgjerd og brukt mesteparten av pengane på felles turar. I tillegg har eg gjort ein del uttak som korttidslån til meg sjølv for å gjere opp gjeld til kompisar, forklarer Forren.

Beklaga til kollegaene

Eurosport og RB var tidleg ute med å melde om møteverksemda mellom Molde og Forren måndag ettermiddag. Då vart det opplyst at det var disiplinære årsaker av utanomsportsleg karakter som gjer at Molde-leiinga vurderer Forrens framtid i klubben.

Kontrakten hans strekk seg i utgangspunktet ut 2021-sesongen.

Forren forklarer at han har hatt gamblingproblem i 10–15 år. I februar følte han at situasjonen vart uuthaldeleg, og han tok kontakt med klubben for å forklare situasjonen. Seinare beklaga han overfor dei andre spelarane og forklarte sin versjon av saka.

– Eg skjønte at eg måtte leggje meg flat og vere 100 prosent ærleg. Eg har gjort mykje dumt og rart opp gjennom, men eg skulle aldri ha teke ut dei pengane. Det må eg berre beklage overfor alle. Eg har ein sjukdom og ein avhengnad som har øydelagt mykje for meg og dei rundt meg, seier han til RB.

Kan hamne i retten

Med seg på møtet på måndag hadde Forren sin advokat Odd Arne Nilsen. Han stadfestar overfor VG at arbeidsforholdet til forsvarsspelaren vart diskutert.

Nilsen meir enn antydar at saka kan hamne i rettsapparatet dersom Molde terminerer Forrens kontrakt. Ifølgje advokaten skal Molde ta stilling til kva som skal skje med arbeidsforholdet til midtstopparen.

– Vi har fått beskjed om at klubben vil komme tilbake med den endelege avgjerda si om kort tid, seier Nilsen til RB.

Forren har spelt meir enn ti år i klubben og vore ein av dei viktigaste spelarane på laget.

Han står med 287 kampar for Molde sidan 2007 og har skåra elleve mål. 32-åringen har òg vore innom Southampton (2013) og Brighton (2017).

(©NPK)