Pappalivet innfrir alle forhåpningar for Nossum: – Nydeleg dagar

Eirik Myhr Nossum har skote blink ved å bli far for første gong. No håpar langrennstrenaren på same effekt som utøvarar har opplevd etter å ha vorte foreldre.
sport

– Det er utruleg kos. Eg har jo aldri prøvd dette før. Så eg hadde veldig store forhåpningar til at dette blir veldig moro og annleis. Det har innfridd alle forventningar og til no vore heilt nydelege dagar, seier Nossum til NTB.

Sonen skal heite Niklas. Og han har gjort at pappa har lagt vekk mobiltelefon og nettbrett i mykje større grad enn før.

– Blir du ein betre langrennstrenar av dette òg?

– Det er i alle fall nokre langrennsutøvarar som har vorte betre av å bli foreldre. Eg kan i alle fall ikkje seie at dei har vorte noko dårlegare. Eg håpar det kan vere med og bidra òg for meg, sjølv om eg no ikkje ser nokon effekt utover at eg slappar veldig godt av. Han er jo òg berre ti dagar gammal, seier Nossum.

Halde igjen

Langrennssesongen kjem truleg til å bli heilt annleis til vinteren som følgje av viruspandemien, og vår- og sommartreninga vil òg i stor grad sannsynlegvis bli påverka.

Koronasituasjonen skaper det som kan bli ei utfordring for løparane.

– Utøvarar har trena jamt og trutt i denne koronaperioden òg fordi mykje anna ikkje har vore mogleg. Det negative er at dei ikkje har fått nokon pause i treninga, seier Nossum.

– Vi skal passe litt ekstra på når vi startar opp for fullt i juni. Dei har ikkje fått den pausen vi er vande med frå april og mai. Eg er litt redd vi får utøvarar som er i litt vel god sommarform i år. Det er eg veldig obs på. Vi skal kanskje halde igjen litt meir i starten, seier landslagstrenaren.

(©NPK)