Klart for skjebnemøte i italiensk fotball – sesongen på spel

Planane om å ta opp att og fullføre Serie A-sesongen får anten klarsignal eller blir lagt i grus torsdag. Skjebnen ligg i hendene til regjeringa.
sport

Dei italienske toppserieklubbane håpar å følgje i fotspora til tyske Bundesliga, der kampaktiviteten tidlegare denne månaden vart teken opp att etter den ufrivillige viruspausen. Men det grøne lyset har late vente på seg.

Torsdag skal representantar for Italias Fotballforbund og Serie A ha eit svært viktig møte med idrettsminister Vincenzo Spadafora. Der er det venta at statsråden avklarer om helseprotokollen som finst, er tilstrekkeleg omfattande til at det blir sett på som trygt å spele kampar.

Fotballsesongen i Italia har vore sett på pause sidan 9. mars. Meir enn 33.000 menneske er døde i Italia som følgje av koronapandemien.

Skal diskutere alternativ

19. mai tok opp klubbane i Serie A opp att treningane sine, men inntil vidare er kampaktiviteten suspendert til midt i juni. Signala som har komme den siste tida, tyder på at idrettsminister Spadafora vil godkjenne den mykje omtalte helseprotokollen.

Dersom det grøne lyset kjem torsdag, møtest klubbane i Serie A allereie fredag for å diskutere alternativa som finst for gjennomføring av resten av terminlista.

Det blir òg teke sikte på å spele ferdig cupen.

Ligaen ønskjer visstnok at Serie A-kampane skal takast opp att helga 13. og 14. juni med fire utsette kampar. Frå 20. juni er så målet å komme i gang med ordinære serierundar.

Cupfinalen kan bli spelt i august, etter at ligaen er avslutta og ein seriemeister er kåra.

Kaos

Det er samtidig ikkje full semje i den italienske fotballfamilien om at den beste løysinga er å fullføre sesongen. Klubbane Brescia og Torino har heile tida vore kritiske til planen.

Argumentet har vore at helsa til spelarane kan bli sett på spel. Brescia er tabelljumbo og har lite å vinne på å fullføre sesongen.

Det italienske landslagssjefen Roberto Mancini er på same spor.

– Eg synest det er kaos. Dersom eg skulle snakke berre som trenar, ville eg føretrekkje at sesongen blir avblåsen, og at ein startar roleg frå neste sesong, seier han.

På møtet på torsdag vil venteleg òg alternative scenario til å fullføre sesongen bli diskutert. Ein plan B, der det blir spelt ei form for sluttspel som avgjer både kampen om seriemeisterskapen og nedrykk, er mellom anna foreslått.

(©NPK)