Premier League-klubbane sa ja til kontakttrening

Premier League-klubbane er samde om at det er forsvarleg å ta opp att normal kontakttrening. Dermed er ein eitt skritt nærare gjenopptaking av kampaktiviteten.
sport

Avgjerda om å tillate kontakttrening i tida som kjem, vart teken under ein videokonferanse onsdag.

Dermed kan klubbane med umiddelbar verknad gjennomføre normale treningsøvingar, men det heiter samtidig at unødvendig tett kontakt skal haldast på eit minimumsnivå.

«Premier League prioriterer helsa til sine aktørar», heiter det i ei fråsegn send ut i etterkant av møtet på onsdag.

Strenge helseprotokollar finst i tillegg for at opphaldet på treningsanlegga til klubbane skal vere så trygt som mogleg både for spelarar og støtteapparat. Den omfattande virustestinga spelarane har vore underlagde den siste tida, blir òg halden oppe.

At det onsdag vart opna for trening med kontakt, markerer starten på fase to i planen som er nedfelt for gjenopptaking av kampaktiviteten i Premier League.

Også den britiske regjeringa står bak oppmjukinga på onsdag.

(©NPK)