Tyske cupsemifinalar i fotball om to veker

Semifinalane i den tyske fotballcupen er fastsett til 9. og 10. juni.
sport

Cuposkeladden Saarbrücken tek imot Leverkusen tysdag 9. juni, medan tittelforsvarar Bayern München får Eintracht Frankfurt på besøk dagen etter.

Det tyske fotballforbundet kom med beskjeden onsdag og opplyste samtidig at cupfinalen vil bli spelt på Olympiastadion i Berlin 4. juli.

På grunn av koronakrisa har ein måtta vente ei stund før cupen kom i gang igjen. Tysk 1. og 2. Bundesliga har fått gjennomført tre serierundar, men for tomme tribunar.

Heller ikkje dei tre attståande cupkampane vil gå med publikum til stades. Saarbrücken må spele kampen sin i nabobyen Völkingen sidan heimebanen deira er under renovering.

(©NPK)