Italiensk Serie A startar opp igjen 20. juni

Italiensk fotball fekk det etterlengta klarsignalet frå styresmaktene. Serie A blir sparka i gang igjen 20. juni, seier idrettsminister Vincenzo Spadafora.
sport

Faktisk kan fotballen rulle tidlegare enn det òg. Ministeren opna for at semifinalar og finale i cupen kan spelast høvesvis 13. og 17. juni.

Spadafora heldt torsdag kveld ein videokonferanse med fotballpresident Gabriele Gravina, Serie A-leiar Paolo Dal Pino, representantar for spelarar, trenarar og dommarar. Møtet varte mindre enn ein time før klarsignalet vart gitt.

– Det var eit svært nyttig møte. No er Italia i ferd med å opnast opp, og då er det riktig at fotballen òg startar igjen, sa Spadafora.

Han godkjende fotballens omfattande smittevernprotokoll. Samtidig heldt han fast på kravet om at heile laget må i to veker med karantene dersom ein spelar eller ein i støtteapparatet testar positivt på koronaviruset, noko som kan gjere det meir enn vanskeleg å spele sesongen ferdig.

– FIGC (fotballforbundet) har forsikra meg om at dei har både plan B (eit sluttspel) og plan C (gjeldande tabell blir endeleg) dersom smitteutviklinga endrar seg og serien ikkje kan spelast ferdig, sa han.

(©NPK)