Stjernetrenar trassa pandemiråda: – Sverige er jo det verste landet i Europa å vere i for tida

Den svenske handballprofilen Ljubomir Vranjes braut alle reiseråda i Sverige då han tok ein svipptur til Slovenia. – Nødvendig, seier han.
sport

Utflukta har skapt reaksjonar. Vranjes leidde Slovenia til fjerdeplass i EM i år etter tap for Noreg i bronsekampen.

Måndag flaug han ruta København-Frankfurt-Zagreb. Det vart same opplegg heim etter besøket i den slovenske hovudstaden Ljubljana.

Det svenske Utanriksdepartementet rår mot «unødvendige reiser» ut av Sverige i alle fall fram til 15. juli.

– Eg reiste måndag, var borte to netter og kom heim onsdag. Det var folketomt på flyplassane, alt var stengt. Alle hadde munnbind og heldt avstand, seier Vranjes til avisa Kvällsposten.

– Eg kalkulerte sjølvsagt inn risikoen for at eg skulle bli smitta. Det var ei nødvendig reise for meg og Slovenia. Eg hadde eit informasjonsmøte med spelarar og møtte styret (i Slovenias handballforbund), legg han til.

Vranjes meiner ikkje det han gjorde var å gå over streken.

– Sverige er jo det verste landet i Europa å vere i for tida. Det kjennest bra å vere heime igjen sjølv om Skåne har fleire smitta enn det heile Slovenia har, seier Vranjes.

Slovenia er klar for VM i januar og skal spele OL-kval til våren.

(©NPK)