Boston Marathon avlyst for første gong på 124 år

For første gong i si 124 år lange historie er tradisjonsrike Boston Marathon avlyst. Krava til sosial avstand sette til slutt stopp for årets løpsfest.
sport

Allereie i mars innsåg arrangørane av Boston Marathon at det ikkje vart noko løp i april som planlagt. I første omgang vart løpet flytta til september, men no er alt avlyst.

Det er første gong Boston Marathon, som har vorte arrangert uavbrote gjennom to verdskrigar og ein annan pandemi, spanskesjuka i 1918–1919, har vorte avlyst sidan det starta i 1897.

– Det vart tydeleg at etter kvart som krisa utvikla seg, så var datoen 14. september mindre og mindre sannsynleg som dato for gjennomføring, uttalte borgarmeister Marty Walsh torsdag.

Vanlegvis deltek om lag 30.000 i løpet som også samlar nærare 1 million tilskodarar i gatene.

– Det er inga moglegheit å gjennomføre eit slikt løp utan å bringe store menneskemengder tett saman, sa Walsh vidare.

Dei som vil, blir oppmoda til å delta i eit virtuelt maraton mellom 7. og 14. september medan Boston ser fram til løpet for neste år 19. april og feiringa av 125-årsjubileet 18. april 2022.

(©NPK)