Federer på toppen av dei best betalte idrettsutøvarane i verda

Tennisstjerna Roger Federer tente over 106 millionar dollar dei siste tolv månadene. Det svarer til over ein milliard kroner.
sport

Federer er med det den første tennisspelaren som toppar den årlege lista frå Forbes. Ho strekk seg frå 1. juni eitt år til det neste.

106 millionar dollar svarer med noverande kurs til 1,03 milliardar kroner.

Av dei 1,03 milliardane Federer har tent inn det siste året, er rundt 60 millionar av desse prispengane. Dei resterande 996 millionane er frå sponsorinntekter og deltakarhonorar, skriv Forbes.

Berre éin annan utøvar har tent over 100 millionar frå sponsorinntekter og deltakarhonorar på eitt år. Det er golfstjerna Tiger Woods. Han har gjort det fleire gonger.

Federer har vunne flest Grand Slam-titlar i tennisen med 20, og har vore flest veker på toppen av verdsrankinga med 310 totalt.

Cristiano Ronaldo (105 millionar dollar) og Lionel Messi (104 millionar dollar) er like bak Federer, som nummer to og tre på lista.

Hakk i hæl på dei to fotballstjernene er ein annan magikar – Neymar (95,5 millionar dollar), og basketballstjerna LeBron James, med 88,8 millionar dollar.

Av idrettsutøvarane som er inne på topp 20, speler tre fotball, seks basketball og tre amerikansk fotball. Det er tre boksarar og éin MMA-utøvar, og dessutan to golfspelarar, éin formel-1-køyrar og éin tennisspelar.

To kvinner fekk òg plass topp 100 – begge tennisspelarar. Naomi Osaka frå Japan er nummer 29 med ei inntekt på 37,4 millionar dollar, medan Serena Williams er fire plassar bak med 36 millionar dollar.




(©NPK)