Koronaen forlengjer karrieren for Italias skiskyttarstjerne

Dorothea Wierer skulle leggje børsa og skia på hylla for godt etter sist sesong, men koronaepidemien gjorde at ho skifta meining.
sport

Etter at Italienaren krona karrieren med to gull og to sølv på heimebane i Anterselva i februar, tok ho valet om å avslutte på topp. Men så kom viruset.

– I april tenkte eg mykje og slappa av mykje. Eg bestemde meg for å prøve igjen, og så må eg sjølvsagt lytte til kroppen og motivasjonen, men no er motivasjonen min veldig god, seier ho til NRK.

Wierer har to samanlagtsigrar i verdscupen, og ho har sanka tolv meisterskapsmedaljar. Ho er usikker på kor lenge ho vil halde på, men det er under to år til OL i Beijing.

– Eg håpar, men du veit aldri. Det kan bli eit veldig spesielt år, så vi veit ikkje korleis det blir med renn og alt mogleg. Men ja, eg trur det siste målet blir OL, men det er framleis to år igjen, seier Wierer.

(©NPK)